- Agder (Vest)
- Agder (Øst)
- Akershus
- Buskerud
- Finnmark
- Finnmark (samisk)
- Helse Fonna
- Innlandet (Hedmark)
- Innlandet (Oppland)
- Møre og Romsdal
- Nordland
- Oslo
- Rogaland
- Telemark
- Troms
- Trøndelag (Nord)
- Trøndelag (Sør)
- Vestfold
- Vestland (Hordaland)
- Vestland (Sogn og Fjordane)
- Prosjekter Sogn og Fjordane
- Aktiviteter Sogn og Fjordane
- Kalender
- Arkiv
- Aktiviteter
- Nyheter
- Kronikker
- Presentasjoner
- Arkiv
- Østfold
Pågående
USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Helse Fonna og USHT Vestland (Hordaland) arrangerer ein gratis heildigital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personar med utviklingshemming.
Leve heile livet reforma er eit viktig satsingsområde for oss i Utviklingssenteret for sjukeheim og heimeteneste. Reforma handlar om dei grunnleggande tinga: fellesskap, aktivitet, mat, helsehjelp og samanheng i tenestene.
USHT Vestland (Sogn og Fjordane) og USHT Vestland (Hordaland) har fått midlar frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Helsedirektoratet til å starte og drive fagnettverk for tenester til personar med utviklingshemming. 25 kommuner deltek så langt i fagnettverket.
Nasjonal faglig retningslinje om demens slår fast at tenestene til personar med demens skal vere personsentrerte. I det ligg at tenestene tar omsyn til korleis personen opplever sin situasjon, og legge til rette omsorg og behandling ut frå dette. USHT Vestland ( Sogn og Fjordane) tilbyr no VIPS basiskurs.
Kunnskapsklynga POLYFON skal stimulere til kunnskaps-, kompetanse- og tenesteutvikling, samt informasjon og formidling. Kunnskapsklynga består av kommunar, helseføretak, kompetanse- og forskingsmiljø som ser at musikkterapi kan bidra til inkludering, deltaking og meir ressurs- og brukarorienterte tenester, og som ynskjer å bidra til utvikling av feltet på ein systematisk og kunnskapsbasert måte. Vestland (Sogn og Fjordane) deltek i POLYFON gjennom eit partssamarbeid mellom fylkeskommunen, helseføretaket, høgskulen og utviklingssenteret.
Avsluttet
Som ein del av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet samarbeider alle kommunane i frå tidligare Sogn og Fjordane om implementering av velferdsteknologiske løysingar.
Dette er eit interkommunalt prosjekt mellom Førde, Jølster, Naustdal og Gaular. Gjennom prosjektet er det utvikla ein felles modell for korleis komme tidleg i kontakt med den demenssjuke og pårørande, og sikre systematisk oppfølging etter demensdiagnosen.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Førde og Flora, og Høgskulen på Vestlandet for å utvikle eit gjensidig, systematisk traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Ordninga er i drift frå 2017.
Nettverksverktøy til personar med demens, og deira pårørande. Innovasjonsprosjekt der målsetjinga er å lage eit IKT- støtta verktøy for kommunikasjon, nettverksbygging og læring.
Systematisk involvering og støtte av pårørande og frivillige: Vi har fått meir kunnskap om kva pårørande og andre frivillige kan bidra med som eit supplement inn mot den kommunale tenesta. Vi har utvikla tiltak i samarbeid med pårørande og auka samspelet mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta.